Heilage Sunniva på Selje i Noreg frå Irland (+996) – 8 juli

http://irelandofmyheart.wordpress.com

IRELAND OF MY HEART

d331p6436t4.jpeg

i34.jpg

Heilage Sunniva på Selje i Noreg frå Irland (+996)

8 juli

Den heilage Sunniva eller Sankt Sunniva er ei kvinne som skal ha levd på 900-talet. Ho var vernehelgen for Bjørgvin bispedøme såvel som heile Vestlandet. I dag blir ho framleis rekna som vernehelgen for denne landsdelen, i tillegg til Bergen og nordisk ungdom. Minnedagen hennar er 8. juli.

Sunniva var ei irsk kongsdotter som flykta frå ein heidensk konge som ville gifta seg med henne. Ho kom med skip til øya Selja i Selje kommune, der ho og følgjet slo seg ned i ei hole. Folk som budde på staden meinte utlendingane stal sau av dei, og sende etter Håkon Jarl. Då Sunniva bad til Gud om at dei ikkje måtte falla i hendene på heidningane, fall tunge steinar ned og stengde igjen inngangen til hola. I ettertid skal mange under ha skjedd på øya, og då kong Olav Tryggvason fekk flytta steinblokkene i 996 fann dei kroppen til Sunniva, like heil som då ho levde.

Kilde: Wikipedia

Reklamer

Video – Hl. Brendan sjøfararen (+578) & Tim Severin, Sjøferd i vår tid, 1976-1977 ╰⊰¸¸.•¨* Norsk nynorsk

http://irelandofmyheart.wordpress.com

IRELAND OF MY HEART

Hl. Brendan sjøfararen

Hl. Brendan prest

Hl. Brendan voks opp hjå den heilage Ita, ei nonne som budde i Killeedy. Han vart opplærd ved klosterskulen St. Jarlath av biskop Erc av Kerry som seinare fekk han ordinert til prest i 512. Han grunnla fleire kloster over heile Irland som til dømes Clonfert kloster i Galway.

Hl. Brendan sjøfararen

Eit manuskript frå 800-talet fortel korleis Hl. Brendan og seksti andre pilegrimar rundt 530 sette til havs på leit etter Edens hage. Dei reisande skal ha sett ei frodig, grøn øy, og, vel nøgde med at dei hadde oppdaga paradiset, vend tilbake til Irland. Under den sju år lange reisa støtte dei òg på sjømonster. Stader dei kan ha vitja er Færøyane, Island, Grønland og Nord-Amerika.

Om sjøfararane verkeleg kom til Nord-Amerika ville dei ha vore dei første europearane som kom til den nye verda — 400 år føre Leiv Eiriksson og 1000 år føre Christofer Columbus. Columbus brukte i alle høve denne reiseskildringa som argument for at det skulle vera mogleg å dra til Asia over Atlanterhavet.
Seinare liv

Brendan reiste seinare rundt på Dei britiske øyane, der han vitja Wales og den heilage øya Iona. Tilbake på Irland grunnla han eit bispedøme i Annaghdown og levde resten av livet sitt der.

Ettermæle

Den irske kyrkja erklærte Brendan som helgen med festdag den 16. mai.

 

Tim Severin

Sjøferd i vår tid, 1976-1977

Den irske historikaren Tim Severin laga ein båt på 1970-talet av okseskinn strekt på eit skrog av spiler. Ein slik båt ber namnet curach på irsk. Det var ein slik båt Hl. Brendan nytta på si ferd til Edens hage og no vona Severin å føra prov på at dette var mogleg. I 1976 starta Severin og fire andre på si ferd til Færøyane og vidare til Island der han vart vinteren over. Neste år reiste han om Grønland og enda ferda etter 50 døger på Newfoundland. På si ferd opplevde han mykje av det same som Brendan, fuglefjell, kval, vulkan og drivis.

Kilde: Wikipedia