Video – Hl. Brendan sjøfararen (+578) & Tim Severin, Sjøferd i vår tid, 1976-1977 ╰⊰¸¸.•¨* Norsk nynorsk

http://irelandofmyheart.wordpress.com

IRELAND OF MY HEART

Hl. Brendan sjøfararen

Hl. Brendan prest

Hl. Brendan voks opp hjå den heilage Ita, ei nonne som budde i Killeedy. Han vart opplærd ved klosterskulen St. Jarlath av biskop Erc av Kerry som seinare fekk han ordinert til prest i 512. Han grunnla fleire kloster over heile Irland som til dømes Clonfert kloster i Galway.

Hl. Brendan sjøfararen

Eit manuskript frå 800-talet fortel korleis Hl. Brendan og seksti andre pilegrimar rundt 530 sette til havs på leit etter Edens hage. Dei reisande skal ha sett ei frodig, grøn øy, og, vel nøgde med at dei hadde oppdaga paradiset, vend tilbake til Irland. Under den sju år lange reisa støtte dei òg på sjømonster. Stader dei kan ha vitja er Færøyane, Island, Grønland og Nord-Amerika.

Om sjøfararane verkeleg kom til Nord-Amerika ville dei ha vore dei første europearane som kom til den nye verda — 400 år føre Leiv Eiriksson og 1000 år føre Christofer Columbus. Columbus brukte i alle høve denne reiseskildringa som argument for at det skulle vera mogleg å dra til Asia over Atlanterhavet.
Seinare liv

Brendan reiste seinare rundt på Dei britiske øyane, der han vitja Wales og den heilage øya Iona. Tilbake på Irland grunnla han eit bispedøme i Annaghdown og levde resten av livet sitt der.

Ettermæle

Den irske kyrkja erklærte Brendan som helgen med festdag den 16. mai.

 

Tim Severin

Sjøferd i vår tid, 1976-1977

Den irske historikaren Tim Severin laga ein båt på 1970-talet av okseskinn strekt på eit skrog av spiler. Ein slik båt ber namnet curach på irsk. Det var ein slik båt Hl. Brendan nytta på si ferd til Edens hage og no vona Severin å føra prov på at dette var mogleg. I 1976 starta Severin og fire andre på si ferd til Færøyane og vidare til Island der han vart vinteren over. Neste år reiste han om Grønland og enda ferda etter 50 døger på Newfoundland. På si ferd opplevde han mykje av det same som Brendan, fuglefjell, kval, vulkan og drivis.

Kilde: Wikipedia

 

 

 

 

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s